Få daglig bibelvers på mobilen. Send: BIBEL til 1933
Velkommen til Gulen kyrkjelege fellesråd.Gulen, Mjømna og Brekke sokn
Mange gravsteinar er skeive og nokre er lagt ned. Soknerådet ber om at pårørande tek seg ein tur og sjekkar om dei gravene dei har ansvar for treng å bli gjort noko med. I forrige kyrkjelydsblad sto det prisar på tenester, dersom ein ikkje kan gjere arbeidet sjølve. Ta gjerne kontakt med kyrjkeverja.
Tilbod på billettar på framsyning om Matias Orheim 03.04.12 - Sogn og Fjordane teater (SoFt) inviterer i samarbeid med Bjørgvin bispedømekontor kyrkjefolk i Bjørgvin bispedøme til teaterstykket om salmediktaren Matias Orheim. Salmediktaren frå Stårheim i Nordfjord fann vegen til hjarta på ein heil generasjon. No har SoFt på nytt sett opp si populære framsyning, og lesarane av denne nettsida kan kjøpa billettar til spesialpris kr 190,- Last ned billettilbodet her. Ta med ei utskrift av side 1 av tilbodet til framsyninga. Billetten kjøper du best på førehand via http://billettservice.no. Dersom det er ledige plassar att, kan billettar kjøpast ved inngangen. Speleplan
Her kan du sjå protokollen i pdf-format. Vedlegg til Økonomiplan (Vedlikehalds- og utviklingsplan for 2012-2015) ligg her som eige vedlegg.
Kandidatpresentasjon for soknerådsvalet i sokna i Gulen er no publisert. Klikk på kvar kandidat for meir informasjon. Presentasjon ligg dessverre ikkje føre for alle kandidatane, men vonleg vil oppdateringar komme undervegs mot valdagen. Sjå kandidatane her.
Etter førre utlysingsrunde der ein endte opp utan søkjarar til soknepreststillinga i Gulen, kan ein no vise til ei søkjarliste som tel heile fire søkjarar. Tilsetjing skjer i Bjørgvin bispedømmeråd 29. august. Sjå søkjarlista her.
Cathrine Waage Tveit er engasjert som konsulent for Gulen kyrkjelege fellesråd i ei deltidsstilling ut året. Ho skal leie arbeidet med å utarbeide lokalt planforslag for trusopplæringa i samarbeidseininga Gulen og Solund.
Frå veke 31 startar Kyrkjerådet utsending av valkort til alle røysteføre ved dei kyrkjelege vala. Om du lurer på noko i samband med utsendinga finn du kanskje svaret her.
Her kan du lese protokollen
Her kan du lese protokollen.
Her kan du laste ned årsmeldinga som pdf-fil.
Gulen kyrkjelege fellesråd Eivindvikvegen 1119 5966 Eivindvik Tlf.: 57 78 20 72 (57 78 20 00) Faks: 57 78 20 99 E-post: post@gulen.kyrkja.no E-post til kyrkjeverja: trude.brosvik@gulen.kommune.no Kontoret er normalt bemanna alle dagar unnateke onsdag. Kyrkjeverja har ein del møtedagar, så avtal gjerne møte på førehand.
Sokneprest Kjell Svarstad har telefon 975 00 154
Den norske kyrkja Ytre Sogn prosti Gulen kommune Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon
Dåp Konfirmasjon Vigsel Gravferd
Klikk på lenkjene for meir informasjon Motteke valkort? - ofte stilte spørsmål Tid og stad for førehandsrøysting Oversyn over røystestader og røystetider Valkunngjeringar for soknerådsvalet - Krav til lister - Kandidatar sokneråda i Gulen Valkunngjeringar for bispedømmerådsvalet - Kandidatar - Bjørgvin bispedømmeråd Fullstendig regelverk for kyrkjevalet